Nye Veier skal bygge E6 Nordkjosbotn-Hatteng

Pressemelding  fra Samferdselsdepartementet 28.09.2021

– Nye Veier har vist oss at dei kan bygge vegar raskare og billigare. Dei opnar stadig nye strekningar. Derfor har regjeringa bestemt at dei skal få 10 nye strekningar. No er kontrakten med selskapet signert, slik at dei har masse å gjere i åra som kjem, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
Følgande vegstrekningar skal no overførast frå Statens vegvesen til Nye Veier:
– E6 Otta–Dombås
- E6 Åsen–Steinkjer
- E6 Selli–Asp
- E6 Sørelva–Borkamo
- E6 Nordkjosbotn–Hatteng
- E6 Olderdalen–Langslett
- E136 Dombås–Vestnes
- Rv. 4 Hunndalen–Mjøsbrua
- Rv. 13 Skare–Sogndal
- Rv. 25 Hamar (E6)–Løten
I tillegg vil strekninga E6 Nedgård–Ulsberg bli overført til selskapet. Det er ei forlenging av E6 Melhus–Ulsberg, som selskapet allereie jobbar med.
Nye Veier skal jobbe med prosjekta
– No skal Statens vegvesen og Nye Veier snakke saman om overføringa. Så startar arbeidet for Nye Veier med å planlegge prosjekta vidare. Dei vil mellom anna sjå på moglegheita for å optimalisere prosjekta, altså gjere dei best og billigast mogleg. Det vil vere Nye Veier som vil ta den endelege avgjersla for når prosjekta kan startast opp, seier Hareide.
Det var i samband med framlegginga av ny Nasjonal transportplan 2022–2033 i mars, at regjeringa foreslo å overføre desse strekningane til Nye Veier. Måndag 27. september ble altså avtalen signert av Samferdselsdepartementet og Nye Veier.